søndag 20. november 2011

20. november 1911 - Bjaaland igjen

Olav Bjaaland,
frå snl.no
Olav Bjaaland låg smilande og tilfreds i soveposen den kvelden. Visst hadde det vore kjekt å vera med den vidgjetne polarforskaren innover barrierebreen og trakkje opp spor i ukjend terreng. Den siste tida hadde det òg vore blanke og fine dagar og mildt, ikkje verre enn ein typisk vinterdag heime i Morgedal. Men dette barrierelandskapet var no kjedeleg. Berre flat vidde dag ut og dag inn. Bikkjestellet og depotbygginga var den einaste avvekslinga. Men dag for dag hadde dei nærma seg fjella, og no var dei der. Livet hadde fått meining.

Det var eit slit, men han kunne slite. Han gjekk foran for det meste no, og braut låm for dei andre. Lufta var tynn, dei låg i 1800 meters høgd no i kveld, og skulle høgare. Men han hadde lunger. Klatringa i sprukne og brukne brear var hard. Men han hadde bein til å klare ho. Han hadde det som trengst, og visste at han hadde det.

Øvst på den fyrste breen breidde panoramaet seg ut foran dei. Takk i takk låg fjella der langs heile himmelranda. Usette, namnlause fjell. Mektige fjell, men triste fjell, som ånda ein lydlaus song om gløymde tidebolker då det bløma i dalane og livet leika i liene. Taust sang dei det urgamle minnet sitt om isen som kom og den bitre, endelause kampen mot isens veldige krefter. Kven ville vinne til slutt? Det mektige fjellet eller den sterke isen? Ville det vera att noko fjell her når Jorda endeleg etter nye årmillionar bikka på aksen sin att og slapp livet til på ny?

Unemnde var dei ikkje lenge, fjella. Sjefen sette namn på dei etter tur. Kvart sitt fikk dei namn etter sponsorane til ekspedisjonen. Nansenfjellet hadde fått namn for fleire dagar sidan, ettersom det kunne sjåast på langt hald. Nye, ferske namn og fem små maur med trekkdyr trakkande oppetter liene, undrast om det var kjærkoment? Det var liv om ikkje anna.

Mellom Nansenfjellet og Don Pedro Christophersens fjell skulle dei klatre i ein sprukkjen bre. Det trente auget til Amundsen fant snart ein farbar veg mellom sprekkane. Breen var delt i to, og det såg heilt uframkomeleg ut mellom dei to delane. Men sjå der, opp på sida av fjellet låg det ei ubrukken flate. Der kunne dei koma opp. Jo, Don Pedro hjelper oss nok. Dei var kjærkomne.

Ned i dalen bar det i høgste fart, dei måtte laga bremsar på sledane. I dalen var snøen laus, tungt for bikkjene. Opp den sprukne breen gikk det meter for meter i to turer med doble spann. Axel Heiberg-breen kom til syne i sin fulle velde der oppe, vegen mot polplatået. Så var det overnatting på sørsida av Don Pedro under et kaos av svære isblokker.

For hundre år sida i dag gjekk tida mest med til å finne ein veg vidare. Det var òg ein kamp, mann mot natur. Fleire framstøt blei gjort, men kvar gang var isen den sterkaste, det var berre å snu. Regelmessige uhyggelege drøn bar vitne om den andre kampen som gjekk føre seg så æveleg. Isformasjonane låg som forvridne restar etter dei barbariske, rasande kampane. Uante krefter herja her.

Endeleg, mellom Nansenfjellet og Ole Engelstads fjell såg det ut til å vera ein farbar veg. Dei sto og såg opp mot storvidda. Saken var klar. Vidda i morgon. Det var feststemning i teltet den kvelden, ikkje minst ved tanken på alle dei deilege bikkjekotelettene som skulle vanke når dei var oppe.
Axel Heiberg-breen sett sørfrå,
kjelde Flickr via www.bookdrum.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar