fredag 16. desember 2011

16. desember 1911 - igjen Bjaaland

Olav Bjaaland hadde fått æra av å vera forlaupar i dag. Det tykte han godt om, for i dag skulle dei ut og finne sjølve polen.

Rett etter midnatt dagen før, like etter at dei hadde tatt solhøgda som synte 89º 56' S, hadde han og Hassel og Wisting gått ut for å sirkle han inn. Sidan det no var påvist at dei var 4 kvartmil frå polen, ville dei sirkle inn polpunktet definitivt ved å leggja merkjer i utkanten av ein sirkel på 10 kvartmils radius rundt leirplassen. I staden for å sova, gjekk dei alle tre ut i kvar sin retning halv 3, planta eit flagg då distansen var utløpt, og vende attende ved 9-tida. I mellomtida tok Amundsen og Hanssen solobservasjonar som synte at leiren låg på 89º 54' 30" S, samstundes som lina mellom det lågaste og høgste punktet ga ei meridianretning som dei kunne følgje til polpunktet.

Observasjonsdagbok frå den 16. desember 1911 (ikkje 17. slik det står).
Frå Roald Amundsen, Opdagelsesreiser.
Tidleg på morgonen for hundre år sida i dag bar det av garde. Innsirklingsturen hadde vore siste reis for Bjaalands sin slede, og nyinnlemma i forlauparane sine rekkjer fekk han jobben med å halde strak line i retninga dei hadde funne. Etter han kom Hassel, Hanssen og Wisting mens Amundsen gjekk til slutt for å sjekke at det gjekk riktig føre seg. Det gjaldt om å gå så rakt som mogleg og ikkje vike unna meridianretninga. Og det var ein jobb han kunne klare, meinte Bjaaland. Føret var bra og veret godt, det var ikkje meir enn ganske eksakt ei mil dei skulle gjera.

Distansehjula snurra og gjekk, og ved 11-tida var distansen utgått utan at han hadde fått ein einaste korreks frå sjefen som rusla bak og kontrollerte. Han snudde seg og fekk sjå eit fullstendig snorrett ski- og sledespor attende til den fyrste leirplassen her på polsletta, der sleden hans var etterlatt og reist som eit synleg merkje. Han smilte. Det så ut til å ha gått bra.

Teltet blei reist, og dei gjekk i gang med ei ny observasjonsrekkje. Tilhøva var stadig like gode. No og då trakk eit tynt skylag seg over, men sola var klar og skarp å sjå gjennom det. Dei observerte i seks timars skift kvar time døgnet igjennom. Det var rart å sjå sola i same høgd uansett når på døgnet ein var oppe. Dei var verkjeleg på botnen av verda. Visst hadde det likna meir og meir på dette dess lengre sør dei kom. Men her nede var det ikkje råd å sjå skilnad. Kjensla var underleg. Han lurte på om han nokon gong skulle få oppleve noko slikt att.

Ved midnatt var det teikn til at dei enno var eit stykkje frå polpunktet, så meridianen dei rekna ut i går var nok ikkje heilt riktig. Å følgje han hadde det iallfall ikkje skorta på. Han banna lågt. Vel, så blei det ein tur til i morgon, då. Ikkje han imot det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar